Dette er den første telezoomen eg har hatt som faktisk blir ein del brukt. Den er så kompakt at den er muleg å ha med seg overalt, og antivibrasjonssystemet gjer at du endåtil kan spare vekta av stativet på dei mest strabasiøse utfluktene.
Har sett testar som hevdar at VR-systemet ikkje kan brukast i kombinasjon med stativ. Har ikkje prøvd ut dette sjølv, men ser heller ikkje poenget da eg har eit bra stativ som er stabilt nok på eiga hand.
Knallbra telezoom-objejktiv som har sitt største fortrinn i at det faktisk blir brukt.